Bergen kommune foreslår å rive sykkelveg
Bergen kommune foreslår å fjerne ein sykkelveg ved Reperbanen i Sandviken som endå ikkje står ferdig, skriv Bergensavisen. Statens vegvesen byggjer vegen til 230 millionar kroner med opning i 2027, men kommunen opplyser at det ikkje er nok areal til både sykkelveg, bilveg og bybane. Syklistforeininga reagerer på forslaget, og kallar det irriterande sløseri med offentlege middel. Plan- og bygningsetaten understrekar at ingenting er endeleg bestemt før høyringa til hausten.