Dronning Sonja får Kulturprisen for Vestland 2025
Dronninga får prisen for hennar langvarige og personlege engasjement, og for at ho har vore ein tydeleg ambassadør for Vestland som kulturregion. Det skriv Vestland fylkeskommune, som deler ut Kulturprisen for første gong. Med prisen følgjer 50.000 kroner, som Dronninga gir til prosjektet Håndverk for fremtiden i regi av Fortidsminneforningen. Fylkesordførar Jon Askeland og leiar for hovudutvalet, Jacob Nødseth, reiser frå Norheimsund til Oslo og audiens på slottet 18. juni. Der skal dei overrekke dronninga eit kunstverk som synleg bevis på prisen. – Vi er svært takknemlege for og stolte over måten dronninga har løfta kultur og menneske i Vestland på ein spesiell og nær måte, seier fylkesordførar Jon Askeland.