Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Litauisk mann på rømmen blir utlevert

Ein litauisk mann i 20-åra vart fredag pågripen av politiet, etter etterlysing frå litauiske myndigheiter. Mannen skal ha vore etterlyst sidan oktober 2023, då han ikkje har møtt til soning i fengsel. Han er dømt til eitt år og ti månadar i fengsel for narkotikalovbrot, skadeverk og for å ha våpen. Ifølge avgjerda frå Hordaland tingrett har mannen opphalde seg i Noreg sidan mai 2023 og budd i Bergen. Retten har konkludert med at han kan haldast varetektsfengsla i fire veker, og at han skal overleverast til Litauen.

ANNONSE