Kvinne skadd etter vald på Torgallmenningen
Klokka 00.36 natt til torsdag fekk politiet melding om ei valdshending på Torgallmenningen i Bergen. – Det vart sagt at ein mann hadde dytta ei kvinne, og ho låg på bakken blødde frå eit kutt i hovudet, fortel operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt. Politiet søkte etter gjerningspersonen i området, førebels utan resultat. Det skal ikkje ha vore ein relasjon mellom gjerningsperson og offer i saka. – Kvinna vart frakta til legevakta med ambulanse. Me opprettar sak, seier Brakstad.