Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Streikemarkering på Torgallmenningen

Ei folkemengd der mange i refleksvest står fremst i ei gruppe. Bak er det mange faner frå ulike forbund. FOTO: Maria Gunnarsdotter Svedal/NRK
Ei folkemengd der mange i refleksvest står fremst i ei gruppe. Bak er det mange faner frå ulike forbund. FOTO: Maria Gunnarsdotter Svedal/NRK

Onsdag kalla LO Bergen og omland inn til støttemarkering for dei streikande. Appellantar var leiar i Fellesforbundet, Christian Justnes, leiar i LO bergen og omland Fauzia Hussain-Wiik og tillitsvald og streikande Sandra Spjeld. – Det er heilt fantastisk å sjå støtta frå våre fagforeiningskameratar. Det varmar oss, seier Spjeld. – Den støtta me får frå andre forbund både i og utanfor LO set me kjempestor pris på. Det oppmøtet som var her på så kort varsel viser at dette er ein streik som blir oppfatta som veldig rettferdig, seier Justnes.

ANNONSE
Sande Auto - MGS5-EV