Fleire rusa mindreårige på Malakoff
Politiet melder om fleire tilfelle av fulle mindreårige på festivalen Malakoff på Nordfjordeid. Like over klokka 17 melde ein vektar om ein berusa 17-åring inne på festivalområdet som bar på ei spritflaske. Han var sint og lite samarbeidsvillig og nekta å oppgi personalia. Guten må halda seg vekke frå sentrum til laurdag. Foreldra er varsla. Rett før klokka 19 fekk politiet melding om ein 14 år gamal gut som forsøkte å få med seg alkohol inn på festivalen. Han slo til ein vektar på staden, men ingen blei skadde. Han var saman med to jamnaldrande gutar. Dårleg oppførsel førte til at festivalarmbanda deira blei fjerna. Dei er henta av foreldra sine.