Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Miljøorganisasjonane må betale millionar etter tap i lagmannsretten

Det omstridde gruveprosjektet i Vevring er nær oppstart.
Lagt opp av n634483 (Oddmund Haugen)
Se i Potion: https://potion.felles.ds.nrk.no/program/c8ba254a-85ab-4320-ba25-4a85abe3209c/pub/c8ba254a-85ab-4320-ba25-4a85abe3209c
Det omstridde gruveprosjektet i Vevring er nær oppstart. Lagt opp av n634483 (Oddmund Haugen) Se i Potion: https://potion.felles.ds.nrk.no/program/c8ba254a-85ab-4320-ba25-4a85abe3209c/pub/c8ba254a-85ab-4320-ba25-4a85abe3209c

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom fekk ikkje medhald i kravet om å stanse gruvedumpinga i Førdefjorden. No er dei dømde til å betale 3,75 millionar kroner i sakskostnadar. Gulating lagmannsrett har onsdag forkasta kravet om mellombels stans i deponeringa av gruveavfall. Miljøorganisasjonane krevde stans fram til hovudsaka skal behandlast i Høgsterett om to veker, men vann ikkje fram. Sjølv om organisasjonane tapte kravet om stans, fekk dei medhald i at utsleppsløyvet mest sannsynleg er ugyldig. Retten meiner løyvet bryt med både EUs vassdirektiv og den norske vassforskrifta. – At gruveselskapet får halde fram med å dumpe avfall, sjølv om retten slår fast at løyvet er ugyldig, viser kor svak beskyttelse naturen har i Noreg, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom. Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, rettar blikket mot hovudsaka som startar i Høgsterett 27. april. Han meiner dagens vurdering frå lagmannsretten styrker sjansane deira der. – No blir det opp til dommarane i Høgsterett å bestemme utfallet. Vi trur dei kjem til å slå fast at utsleppsløyvet er ugyldig, seier Gulowsen. Også Sogn og Fjordane tingrett kom til same konklusjon om lovbrot i fjor haust, men heller ikkje då førte det til stans i drifta.

ANNONSE
Octavian Forlag - Goldfinger