Sende narkotika til Australia – dømd til ti år i fengsel

Ein tidlegare kjøpmann i 40-åra er dømt til ti år og fire månader i fengsel for omfattande narkotikakriminalitet. Ein medtiltalt mann i 30-åra fekk åtte års fengsel. Det kjem fram i ein dom frå Hordaland tingrett. Mennene blei avslørte etter at dei sende 51 kilo MDMA i postpakkar frå butikkar i bergensområdet og Haugesund til Australia. I tillegg blei dei dømde for forsøk på å sende ytterlegare 38,8 kilo MDMA, innførsel av 114 kilo cannabis og sal for over 1,3 millionar kroner. Den hovudtiltalte tilstod alt i retten. Ein tredje tiltalt blei dømd til fengsel på villkår.