Bilsjåfør stoppa med spikarmatte etter villkøyring i Fana
Politiet måtte ta i bruk spikarmatte for å stanse ein rusa bilsjåfør som kasta seg ut i ein vill flukt frå politiet i Fana onsdag ettermiddag. Bilen punkterte på begge framhjul og stansa kort tid etterpå. Det var klokka 16.48 politiet fekk melding om ein mogleg rusa førar ved Lagunen. Vel ein halvtime seinare fekk ein patrulje auge på bilen. Sjåføren nekta å stanse og gassa på i stor fart for å sleppe unna. Jakta enda i Elvenesvegen i Fana, der politiet fekk kontroll på føraren. Politiet køyrer no sjåføren til legevakta for blodprøve. Vedkomande blir meldt for rusmistenkt køyring, køyring utan gyldig førarkort, og for ikkje å ha stansa på signal frå politiet.