Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Politiet legg vekk saka mot fjerdemann i 17. mai-valdssaka

Bilde av vold på 17. mai i Bergen. FOTO: Privat/Privat
Bilde av vold på 17. mai i Bergen. FOTO: Privat/Privat

Politiet har lagt vekk saka mot den fjerde guten som fekk status som mistenkt etter 17. mai-vald. – Saka mot han er lagt vekk på bevisets stilling, seier politiadvokat Andre Jakobsen i Vest politidistrikt til NRK. Tre gutar er sikta for grov kroppskrenking etter ein blåruss vart utsett for vald i Bergen sentrum på 17. mai. Alle tre har tilstått, og politiet behandlar saka som ein tilståingsdom. Politiet si innstilling er behandla av Statsadvokaten og er no send til tingretten. Politiet vil ikkje kommentere kva straff dei har bedt om. Det er ennå ikkje sett ein dato for rettsmøtet. – Men eg veit at desse sakene er prioriterte, og at det vil gå relativt raskt, seier Jakobsen.

ANNONSE
Let's Pixel AS