Kvinne til legevakt etter brann i båt i Bergen
Rett før fire onsdag morgon fekk naudetatane melding om brann i ein båt som låg i båthamna i Damsgårdssundet i Bergen. Brannvesenet rykte ut med mannskap frå to stasjonar. – Ein periode var det fare for spreiing til andre båtar, men situasjonen kom raskt under kontroll, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Ei kvinne var i båten som starta å brenna. Ho kom seg ut, og vart frakta til legevakt med ambulanse for nærmare undersøkingar. Båten er utbrent. Brannårsaka er uklar, opplyser Dahl-Michelsen.