Låvebrann i Strandebarm
Naudetatane er klokka 21.30 på veg til Strandebarmsvegen i Kvam herad, etter melding om brann i ein låve. Det skal ikkje vera dyr eller menneske inne. Det er observert flammer frå taket, melder Vest politidistrikt. Like etter skriv dei at brannvesenet melder om at dei frå avstand ser at låven er fullstendig overtent.











.jpg)



















