Redningsaksjon i Øygarden avblåst
Det vart klokka 18.35 sett i gang redningsaksjon i Øygarden der Hovudredningssentralen var kopla inn og alle naudetatar og luftambulansen deltok. Ein bebuar ved Straumsundet hadde varsla om å ha sett ein person i sjøen som verka som han held seg fast i ei bøye. Klokka 18.52 melde Vest politidistrikt at Luftambulansen har vore over området i nokre minutt utan å sjå noko til personen. Klokka 19.08 melder Vest politidistrikt at politibåten er ved den aktuelle bøya. Det er berre observert eit tau i tilknyting til bøya. Heller ikkje ein båt som var i området før aksjonen starta har registrert nokon person i sjøen. Ifølge politiet verka noko av forklaringa til innringaren ikkje truverdig. Aksjonen blir avblåst og alle etatar avsluttar.