Tre bilar i trafikkuhell på E39 i Alver

På E39 gjennom Alver var tre bilar involverte i ei påkøyring bakfrå på Hagelsundbrua. Alle køyretøya køyrde i same retning. Av dei tre kvinnelege sjåførane vart to køyrde til legevakt for sjekk. Det er snakk om lettare personskader, melder Vest politidistrikt klokka 15.30. Det oppstod mykje kø i området. Bilbergar fjerna to av bilane. Vegen er rydda og open.