Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

To personar til sjukehus etter slagsmål ved Straxhuset

Politiet har rykt ut til Straxhuset på Gyldenpris i Bergen etter melding om slagsmål mellom fleire personar. To personar har fått kuttskadar og er køyrde til Haukeland universitetssjukehus, melder politiet. – Begge to er vakne og medvitne, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i politiet. Politiet er på staden og gjer undersøkingar. Dei veit foreløpig ikkje noko om årsaka til hendinga.