Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Skot avfyrt på Damsgård i Bergen – politiet rykte ut

Det som minna om skot vart høyrd på Damsgård i Bergen fredag morgon. Politiet rykte difor ut med fleire ressursar, melder Vest politidistrikt. Politiet har kontroll på to personar og har gjort beslag av eit gassvåpen. Det var forbipasserande som varsla politiet. – Vedkommande såg dei to som fikla med noko som såg ut som ein pistol. Så skal dei etter kvart ha avfyrt eit skot ned mot bakken, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord. Dei to erkjenner å ha avfyrt skot. Ingen er skadd. Politiet avsluttar no på staden og opprettar sak på forholdet.

ANNONSE
VM-Festen Bergen