Tankbåt i drift vest av Bremanger
Ein tankbåt har fått tekniske problem og er i drift vest av Bremanger. – Det skal ikkje vere fare for nokon om bord, seier redningsleiar Børge Galta ved Hovudredningssentralen på Sola. Han kan ikkje seier noko meir om kva problem tankbåten har, og syner til at det er Kystverket som koordinerer aksjonen. Det er frålandsvind i området.















