Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Mistanke mot foreldrevald mot toåring svekka

Politiadvokat Marcus Monsen er aktor i saken. FOTO: Oskar Rennedal/NRK
Politiadvokat Marcus Monsen er aktor i saken. FOTO: Oskar Rennedal/NRK

Mistanken mot foreldreparet i Sogn og Fjordane som i går blei sikta for mishandling av toåringen sin, er svekka. Det seier politiadvokat Marcus Monsen til NRK. Foreldra blei arresterte etter at helsepersonell varsla om skader på barnet. Paret nekta straffskuld og kom med ei forklaring på skadane til barnet, men dette trudde ikkje politiet på. Men etter at politiet var i den aktuelle heimen for å sikre spor, fant dei spor som underbygde forklaringa deira, seier Monsen. Ein sakkunnig har også uttalt seg munnleg til politiet om skadane til barnet. – Vedkommande seier skadane kan samsvare med forklaringa til foreldra, seier politiadvokaten. På bakgrunn av dette var mistankegrunnlaget så svekka at politiet lauslét foreldra i går. Barnet er gjenforeint med foreldra etter først å ha blitt teken hand om av barnevernet. Politiet avventar no skriftleg rapport frå den sakkunnige, og har ikkje meir etterforsking som står att. – Saka blir snarleg avgjort, seier Monsen. Etter det han kjenner til fekk barnet medisinsk behandling, utan at tilstanden til barnet var kritisk på noko tidspunkt.

ANNONSE