Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Fylkesutvalet set endeleg strek for hydrogen på «Skulebas»

Det blir ikkje montert hydrogendrift på undervisningsskipet «Skulebas» i Måløy, vedtok fylkesutvalet i Vestland tysdag. Vedtaket set punktum for ein langvarig strid om tryggleiken om bord. Mannskapet har lenge nekta å segle med hydrogenanlegget fordi dei frykta for tryggleiken til seg sjølv og elevane, trass i at fylkesdirektøren meinte anlegget var trygt. Det avanserte systemet har stått ubrukt på lager i Langevåg i to år. Sidan fylkespolitikarane no skrinlegg heile prosjektet og gir mannskapet viljen sin, må fylkeskommunen truleg betale tilbake 14 millionar kroner i Enova-støtte.