Bil har køyrt inn i hus i Herand

Ein bil har køyrt inn i eit hus i Herand i Ullensvang. Ifølge brannvesenet var det to personar i bilen, som begge skal ha kome seg ut. Dei er tekne med til kontroll på legevakt. Det var ein person i huset, som også har kome seg ut. – Bilen står halvvegs inn i huset, seier Stian Kvam i 110 Vest. Det er store materielle skadar på både bilen og huset. Naudetatane er på staden. Bilen er ikkje til hinder for trafikk, men blir ståande der til bilbergar er på plass.