Innbrot i Knarvik
Politiet har rykt ut til ein privatbustad i Knarvik etter melding om innbrot. Innbrotet vart meldt like over klokka 17, og skal ha skjedd i løpet av dagen. – Det er uklart om noko er stole, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen hos Vest politidistrikt. – Det er brytespor på ei dør og ligg noko knust glass ut og inn, legg han til. Onsdag vart det også meldt om eit innbrot frå ein bustad i Bjørnafjorden. Her skal uvedkomande ha brote opp ei verandadør.