Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Køyrde mindre på rimelegare drivstoff

Kø av biler med røde baklys på en svingete vei om natten. Omgivelsene er opplyst av gatebelysning og bygninger. Glatte veier reflekterer lyset fra bilene. Det er tydelig tett trafikk. FOTO: NRK
Kø av biler med røde baklys på en svingete vei om natten. Omgivelsene er opplyst av gatebelysning og bygninger. Glatte veier reflekterer lyset fra bilene. Det er tydelig tett trafikk. FOTO: NRK

Trafikken over Danmarksplass gjekk ned, sjølv om drivstoffet vart billegare frå 1. april. NAF har samanlikna tal frå Statens vegvesen på ti stadar i landet frå april til juli i år og i fjor. På landsbasis er auken 0,8 prosent. I Bergen gjekk derimot trafikken ned med over 60.000 bilar, eller 2,13 prosent. – Det viser tydeleg at det ikkje har vore slik at folk har køyrt bil for moro skuld, sjølv om diesel- og bensinprisane har vore lågare no i sommar, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF. Forbundet krev no at avgiftskuttet blir forlenga ut året for å hindre prishopp frå september. – Det har vore ein diskusjon knytt til om folk ville køyre meir med lågare prisar. Det har dei altså ikkje gjort, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF.

ANNONSE
Helldalstoppen