Barnevernet varsla om mann
Ein mann i 30-åra vart onsdag pågripen på arbeidsplassen sin, sikta for befatning med overgrepsmateriale av born. – Politiet vart kjende med saka gjennom ei uromelding frå barnevernstenesta, seier politiadvokat Marcus Monsen. Politiet har teke beslag i mannen sine elektroniske einingar både på bustad og arbeidsplass. Monsen vil ikkje kommentere om det er mistanke om at mannen sjølv har laga noko av materialet. – Han vart avhøyrt i går, og skal vidare avhøyrast i dag, seier Monsen. Mannen er ikkje kjend for politiet for liknande saker tidlegare. Forsvarar Bertil Rønnestad vil ikkje kommentere saka.