Frifunnen for kvelartak – handla i nødverje
Gulating lagmannsrett har einstemmig frifunne ein sogning i 20-åra som i Sogn og Fjordane tingrett blei dømd til 90 dagars fengsel for å ha teke eit halsgrep på ein annan mann slik at han mista medvitet. Lagmannsretten konkluderte med at handlinga var ein lovleg nødverjehandling. Mannen blei uventa angripen og takla i bakken inne i sin egen heim, og retten la til grunn at han var livredd og ikkje hadde andre realistiske måtar å forsvare seg på. Grepet blei sleppt så snart angrepet stansa. Mannen blei frifunnen for både straff og erstatning på 15.000 kr