Får hjelp av Røde Kors ned frå Skåla i Stryn
To europeiske turistar har vore vêrfast på fjellet Skåla i Stryn sidan klokka 03, natt til torsdag. Klokka 07:30 i dag starta mannskap frå Røde Kors turen til Skåla for å hjelpe dei to turistane ned. – Dei manglar utstyr, så Røde Kors har med seg blant anna truger til han eine, seier Vidar Stavik, tenestestadsleiar for politiet i Stryn. Ifølgje Stavik var det kaldt og mykje vind på torsdag, men forholda er betre i dag. Dei to turistane er ikkje skada, og har vore i ei DNT-hytte med mat, straum og vatn sidan torsdag.