Brot på Godt Brød ved Festplassen
Politiet rykte ut etter at ein innbrotsalarm gjekk av på bakeriet Godt Brød i natt. Meldinga kom klokka 04.42. Då politiet kom fram, fann dei merke etter at nokon hadde prøvd å bryte opp hovuddøra. Det var ingen personar inne i lokalet då patruljen undersøkte staden. Det er førebels uklart om gjerningspersonane har fått med seg noko frå bakeriet.