Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Mann frifunnen etter 15 månader i fengsel

Det kjem fram i ein dom frå Sogn og Fjordane tingrett. BT skreiv om dommen først. Mannen i 40-åra var tiltalt for grove valdtekter av stedottera si. Ho var under 14 år då overgrepa skjedde. Aktor meinte mannen burde dømmast til fengsel i seks år, medan forsvararen meinte tiltalte burde frifinnast. Valdtektene mannen var tiltalt for skal ha skjedd over fleire år i utlandet, før han kom til Noreg. Sjølv har mannen hevda at skuldingane var iscenesette av mor til jenta. Då tiltalte kom til Noreg i april 2025 blei han pågripen. Han har sidan sete i varetekt. Fleirtalet i tingretten, dei to meddommarane, meiner at tiltalte si forklaring ikkje kan utelukkast. Dei meiner den fornærma jenta si forklaring verkar truverdig, men kan ikkje sjå vekk frå at borna er påverka av mora over tid. Mindretalet meiner det er tilstrekkeleg bevist at tiltalte har gjort overgrepa han var tiltalt for. Mannen slepp også å betala erstatning.

ANNONSE
Sande Auto - Mazda6e