12 russe-oppdrag for politiet i natt
Politiet har loggført 12 oppdrag knytt til ordensforstyrringar frå russen i Vest politidistrikt i natt. Dette er spreidd utover hele politidistriktet, ifølge operasjonsleiar Frode Kolltveit. – Det er veldig plagsamt, og vi har full forståing for at innbyggjarane reagerer. Det er ikkje måte på korleis enkelte anlegg kan bråke, seier Kolltveit til NRK. Ifølge BT braut fire russebussar ein avtale om å skru av dei utvendige høgtalarane klokka 2 i Hordnesskogen. Kolltveit seier dei likevel har hatt netter med langt fleire oppdrag knytt til russebråk.