Alle mistenkte etter 17. mai-vald er avhøyrde

Dei fire mistenkte etter valdshendinga 17. mai i Bergen, er no avhøyrde. Tre av mennene har status som sikta, medan den siste framleis har status som mistenkt. – Årsaka til at mistankegrunnlaget mot han er mindre enn dei andre, er i hovudsak fordi ein ikkje ser han utøve vald på videoen, seier politiadvokat Linn Mari Søfteland. Det er lite sannsynlig at den fjerde mistenkte vil bli sikta i saka. Valdsepisoden har fått mykje merksemd fordi han blei filma og delt både i media og på sosiale medium. Videoen viser at mindreårige gutar slår og sparkar ein blåruss. Søfteland seier det er usemje omkring kva som skjedde i forkant av valden. – Det vi er sikre på er at valden i alle tilfelle er ein grov overreaksjon, seier Søfteland.