Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Fylkesordføraren om Atløy: – Har ikkje landa

Jon Askeland FOTO: Bård Siem
Jon Askeland FOTO: Bård Siem

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier til NRK at han ikkje har landa på kva han kjem til å stemme rundt Atløysambandet. – Det er mykje som er uavklart i salen, så eg trur vi alle må vente til klokka er ni før vi ser korleis voteringa går. Han seier samstundes at eit vedtak blir «den største investeringa som kjem på toppen av alt ein har lånt opp til tidlegare». – Då er vi der at det no er det ikkje lenger er mogleg for Vestland fylkeskommune å ta på seg meir lån utan at det går negativt utover noko anna. Han seier også at det er «veldig vanskeleg», slik som saka har utvikla seg med kostnadsauke.

ANNONSE
Sande Auto - Mazda6e