Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

To køyretøy fekk bruksforbod i Voss sentrum

Statens vegvesen avdekka fleire grove manglar då dei kontrollerte 17 køyretøy på Voss onsdag ettermiddag. Eit køyretøy fekk bruksforbod fordi det eine framdekket var slite heilt ned til korden. Bilen mangla i tillegg lydpotte, hadde knust baklys og knekt skilt. Ein varebil fekk også bruksforbod på grunn av manglande forsikring, men føraren ordna opp på staden.