Uventa lause massar stengde fylkesveg
Gamle Ravnangerveien på Askøy var ein periode stengd ved Kikhaugen på Hauglandshella. I samband med fjellreinsking fall det steinar ned i vegbana. – Det er ikkje meldt om personskade eller større materielle skader, seier operasjonsleiar Jan Børge Misje ved Vest politidistrikt. Like over klokka 17 opplyser politiet at vegen er opna, og at terrenget på staden ser ut til å ha vore lausare enn venta. Kommunen er varsla for vidare oppfølging.