Varetektsfengsla for overgrepsbilete
Mannen som i går vart pågripen og sikta for befatnging med overgrepsbilete av born, er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen i 40-åra vart pågripen i ein av Bergen sine nabokommunar etter tips via Kripos frå den amerikanske organisasjonen National Center of Missing and Exploided Children. Politiet bad om fengslinga på grunn av fare for at bevis kan bli øydelagde. Dei har teke beslag i fleire digitale einingar som no skal analyserast.