Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Bilbrann på Voss

Eit personbil stod i brann på riksveg 13 like ved Flatlandsmoen camping i Voss. Dei som var i bilen hadde kome seg ut, og ingen skulle vere skadde. Brannen vart meldt rundt klokka 20.30. – Ikkje spreiingsfare. Trafikken står, og naudetatane er på veg opplyste operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt. Vaktkommandør Shahrooz Lahooti hos 110 Vest fortalde at bilførar sjølv melde frå om brannen. – Han merka røyken og stoppa midt i vegen, så kom det også flammar, fortalde Lahooti. Like over klokka 21 opplyste politiet at eit felt var opna for manuell dirigering. Bilbergar var varsla, og ville vere framme etter ein time. Det var manuell dirigering til vegen var rydda og open, klokka 22.57. Politiet oppretta sak.

ANNONSE
Sande Auto - MGS5-EV