Tre entreprenørar konkurrerer om å byggja Stad skipstunnel

Om kort tid er det venta at Kystverket vil annonsera kven som får jobben med å byggja Stad skipstunnel. Det er dei tre selskapa AF Gruppen, Eiffage Génie Civil og Skanska/Vassbakk & Stol, som har komme med tilbod, skriv dei i ei pressemelding. Prislappen er førebels sett til 9 milliardar for den 1,7 kilometer lange tunnelen, som blir 50 meter høg og 36 meter brei. Håpet er at spaden kan bli sett i sjøen i 2027, melder Kystverket.