Fransk turist trengde hjelp i Eidfjord
Frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp, samt eit redningshelikopter, blei søndag sende ut for å hjelpe ein fransk turgåar som har mista stien i fjellet ovanfor Garen i Eidfjord. Politiet fekk melding via AMK klokka 1636 søndag. – Han hadde lite straum på telefonen, og samtalen vart broten før vi fekk eksakt posisjon, opplyser operasjonsleiar Jan Børge Misje ved Vest politidistrikt. I 1830-tida opplyste politiet at mannskap frå Røde Kors var i kontakt med turgåaren, og at han framstår i fin form.








%20og%20kontrollant%20Ruben%20Stenevik%20(t.h.)%20etter%20best%C3%A5tt%20ferdighetspr%C3%B8ve%20p%C3%A5%20Stord%20lufthamn%20S%C3%B8rstokken%20Foto%20Sindre%20Skrede.jpg)









