Foreslår å flytte på over 700 studieplassar på lærarutdanningane

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vurderer å flytte på 720 ubrukte studieplassar frå lærarutdanninga til helse- og teknologifag. Bakgrunnen er ein større gjennomgang av utdanningsporteføljen, kombinert med ein nedgang i søkartala til lærar- og barnehagelærarutdanningane. Samstundes er samfunnsbehovet stort innanfor blant anna sjukepleie. Framlegget har skapt uro for stillingar og mindre campusar, men rektor Gunnar Ytri understrekar at det berre er snakk om å flytte tomme studieplassar. – Vi skal framleis ha fem levande og sterke campusar, og tilby Noregs beste lærarutdanning. Men vi må utnytte ressursane våre betre, seier han. – Dette kan verta den største nedbygginga av lærarutdanninga i nyare norsk historie, seier HVL-professor Sissel Rosland til Khrono. Ho fryktar stillingar og små campusar kan verte råka. I dag er det grunnskule- og barnehagelærarutdanning både i Bergen, Sogndal og Stord. Fakulteta skal diskutere saka i sommar, før høgskulestyret gjer eit endeleg vedtak i oktober.