Krev toalett ved Lærdalstunnelen
Aurland kommune ber Statens vegvesen og fylkeskommunen om å etablere døgnope, offentlege toalett på Nyheim ved Lærdalstunnelen, skriv Sogn Avis. Kommunen fryktar utfordringar med sanitærforhold og forsøpling når tunnelen skal stengjast. Dei legg til grunn at det ikkje blir etablert eigen oppstillingsplass for tungtransport slik det opphaveleg var planlagt. Oppgraderinga av Lærdalstunnelen skal etter planen starta i september, og tunnelen vil vere stengd for trafikk mellom klokka 18.00 og 06.00.