Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

E134 opna att etter bilbrann ved Svandalsflotunnelen

E134 ved Svandalsflotunnelen er opna att etter at ein personbil vart totalt utbrent. Ingen vart skadde i hendinga. Politiet fekk meldinga klokka 12.05. Bilen var på veg over fjellet med ei campingvogn då det braut ut brann om lag 100 meter frå tunnelen på vestsida. Eigaren fekk kopla frå campingvogna før bilen vart totalt utbrent. Alle kom seg ut i tide. Vegtrafikksentralen stengde tunnelen medan slokkinga pågjekk. Klokka 13.19 opplyste politiet at brannvesenet var ferdige, og at vegen var i ferd med å verte opna att. Det har leke ut drivstoff som gjer det glatt på staden, og det må reknast med noko kø, sa operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

ANNONSE
Let's Pixel AS