Må tilsetja etter sjukehuskutt: – For mange slutta

Sjølv om Helse Førde kuttar 30 årsverk ved Lærdal sjukehus, må dei no lysa ut fleire nye stillingar. Årsaka er at for mange har slutta i løpet av prosessen, skriv Sogn Avis. Sjukehuset søkjer no etter fleire sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og ei jordmor for å sikra drifta framover. – Vi må tilsetja for å få kompetansekabalen til å gå opp, seier stadleg leiar Vidar Øvrebø. 29. mai er siste operasjonsdag for den ortopediske avdelinga. Skadepoliklinikken vert derimot verande som eit dagtilbod etter at Stortinget overprøvde den opphavlege nedlegginga.