Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Kongebesøk kostar minst 1,7 mill. for Etne kommune

kongeparet møter blomsterbarn FOTO: Marthe Synnøve Johannessen/NRK
kongeparet møter blomsterbarn FOTO: Marthe Synnøve Johannessen/NRK

26. mai kjem kongeparet for første gong til Etne kommune. Kommunen er ein av dei få i Noreg som dei enno ikkje har besøkt. Besøket på halvanna time vil kosta kommunen 1,7 millionar kroner, skriv avisa Grannar. Det kom fram i ei orientering til politikarane i kommunestyret denne veka. Prisen er eit estimat, og det kan verta meir. Kostnadane er mellom anna knytt til besøk på tre ulike lokasjonar. I tillegg skjer besøket rett etter pinsen, som fører til at folk i kommunen må jobba på heilagdagane. Etter Etne skal kongeparet vidare til Vaksdal, Samnanger og Askvoll.

ANNONSE
iBergen