Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Krasja i promillerus – løp frå staden

Klokka 4.15 i natt fekk politiet eit automatisk varsel om ei trafikkulykke ved Måløy. Tre personar var i bilen. Ifølge BT løp dei frå staden då politiet kom fram. – Det vart ein kort løpetur. Vi hadde rimeleg fort kontroll på alle tre, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til avisa. Ein mann i 40-åra er køyrd til sjukehuset i Førde. Vedkommande opplyste å ha smerter i brystet. – Bilførar, ein mann i 20-åra, blåste til over tillaten verdi på alkometeret, melder politiet. Det er store skadar i front på bilen, ifølge politiet. Personen som er køyrd til sjukehus, var passasjer i bilen. Han skal ha vore bak rattet tidlegare på ferda.

ANNONSE