Stolen bil funnen i sjøen på Bømlo
Politiet ber om tips etter at ein personbil, som blei stolen i Fitjar kommune måndag kveld, i morgontimane i dag blei funnen i vatnet ved Hiskavegen på Bømlo. Bilen, ein blå BMW X6, blei stolen frå ei privatadresse. Politiet ønskjer tips frå folk som har sett bilen frå i går kveld til i dag tidleg. I helga var det eit tjuveri av ein annan bil på Stord. Dag Vidar Nordhus ved Stord politistasjon seier dei skal undersøkja om sakene har ein samanheng.