Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Asvlutta redningsaksjon i Aurlandsdalen

Politiet sette i samband med Hovudredningssentralen (HRS) fredag morgon i verk redningsaksjon i Aurlandsdalen. To personar i eit turfølge hadde sjølv tatt kontakt med lokalt Røde Kors, som igjen hadde varsla politiet. – Desse to har kome ned til vegen ved Vassbygdi etter å ha gått frå hytta Sinjarheim, men har uttrykt uro for resten av turfølget. Det er uvisst om dei andre har klart å starte turen nedover frå hytta, opplyste Tepstad. Det var dårleg mobildekning i området, høg vassføring som pregar stien, i tillegg til at fleire av personane i turfølget hadde utfordringar med å gå vidare. – Dei er slitne fordi dei har gått på tur i fleire dagar i fjellet, og dei ønska litt assistanse for å kome ned, seier Tepstad. Klokka 10.46 starta Røde Kors med å gå til fots frå Vassbygdi, og klokka 11.07 møtte dei turfølget. Ingen var skadde, men dei var slitne. Røde Kors hjelpte med bæring av sekkar og følgjeperson ned til Vassbygdi. Klokka 12.30 melde Røde Kors at resten av turfølget hadde kome seg trygt ned til Vassbygdi. Turfølget skal vere norske.

ANNONSE
Helldalstoppen