Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Etterlyst mann teken i Kvinnherad for millionbedrageri

Ein mann i 30-åra er pågripen i Kvinnherad etter å ha vore etterlyst av Oslo politidistrikt sidan midten av april. Mannen er no varetektsfengsla i fire veker, sikta for omfattande bedrageri, dokumentforfalsking, kvitvasking, identitetstjuveri og rekneskapsmanipulasjon. Mannen er òg sikta for eit forsøk på skøytebedrageri av ein eigedom med ein anslått verdi på mellom 28 og 32 millionar kroner. Forsvararen til den hovudsikta har førebels ikkje ønskt å kommentere saka, skriv Bergens Tidende. Politiet har i tillegg aksjonert mot ein mann i 40-åra på Vestlandet. Han er sikta for medverknad til dokumentforfalsking, men erkjenner ikkje straffskuld.

ANNONSE