Tre pågripen etter slagsmål på Askøy
Fleire personar skal ha vore involvert i eit slagsmål på Strusshamn på Askøy laurdag ettermiddag. Ein mann er tilsølt av blod, men vaken og bevisst, ifølge politiet. Tre menn i 20- og 30-åra er pågripen og tatt med til arresten. Den fornærma er frakta til sjukehus med ambulanse. Det var klokka 14 at politiet fekk melding om personar som slåst, rop og skreik. Politiet skriv at dei ikkje kan kommentere nærmare kva som har skjedd av omsyn til etterforskinga.