Bil med fire personar køyrde i tre i Austevoll
Ein bil med fire personar køyrde inn i eit tre ved Naustheller i Austevoll. De fire i bilen var alle gutar og menn – to i slutten av tenåra og to mindreårige. Ein person vart teken med av ambulanse for vidare undersøkingar hos helse. Dei tre andre vart undersøkt av lege på staden. Førebels hendingsforløp er omtalt som at bilen køyrde ut av vegen i ein sving. Det er teke beslag i førarkortet til føraren inntil vidare.