Fødselstala aukar i Vestland
Fødselstala skyt i vêret i Vestland. I år er det fødd 2.500 barn i fylket, som er 200 fleire samanlikna med i fjor. Avdelingsleiar ved fødeavdelinga i Bergen, Lorentz Linde, seier at den siste toppen i fødselstala kom i 2021 som følge av koronapandemien. I år ligg Noreg an til å slå den toppen. Og dersom Noreg gjer det bra i VM, trur Linde at det kan slå ut endå meir på fødselstala til våren.