Førde bibliotek må sommarstenge: – Starten på noko vondt

Førde bibliotek må motvillig stenge i ti dagar, frå 17. til 27. juli. Tidlegare har bibliotekfilialane rundt omkring i Sunnfjord halde sommarstengt i periodar, men dette er første gong ved biblioteket i Førde. Grunnen er at dei ikkje har ressursar til sommarvikarar. – Det er ikkje verdas undergang, men det er starten på noko vondt. Viss ikkje ting betrar seg så kan det jo skje igjen, seier bibliotekar Ingunn Helene Fleten (arkivfoto) til Firda.