Politiet fann 450.000 i skogholt – mann dømd for grov narkotikakriminalitet
Ein mann i 30-åra er i Gulating lagmannsrett dømd til 4 år og 4 månadar fengsel for grov narkotikakriminalitet og heleri. Det melder Bergens Tidende. Politiet kjende til mannen frå før og følgde med på han sommaren 2025. Då fann dei 450.000 kroner og 700 gram ketamin i eit skogholt i Sandviken, der mannen hadde blitt observert tidlegare. Han skal også ha selt kokain og cannabis i same periode. I tillegg blir han dømd for heleri av 700 gram ketamin og 225.000 kroner som stammar frå andre straffbare forhold. – Klienten min er ueinig i dommen. Dommen vil bli anka, seier Kim Villanger, forsvararen til mannen, til BT.